Aktuelt

Mai 2006
Foreininga organiserte 1. mai nedvask av museet, slik at huset var klart for sesongen og dei foreståande selskapa på museet.

Av planlagt dugnadsarbeid nemner vi oppfylling av singel og jord bak natursteinmuren ved parkeringsplassen, samt fortsettelse av den same muren ned til sida ved verkstaden, og tillaging av området frå muren til veggen på verkstaden.

Foreininga skal også i år lage til vaskeliste for museet gjennom sesongen.


Mai 2005
Foreininga organiserte den 4. mai nedvask av museet, slik at det er reint og klart til sesongen. Også i år vil foreininga syte for reinhald av museet gjennom sesongen, ved at vi får folk til å gjere dette på dugnad, etter oppsett liste. Den årlige grillfesten blir kansje endra i år, men det er litt uklart korleis dette blir. Formålet er sjølvsagt å skape trivsel og positiv stemning rundt museet. Den 18. juni skal ”Ishavskjerringa” avdukast, med tilhøyrande fest og markering. Denne tilstellinga skal Ishavsmuseets venner deltake i. I tidsskriftet til foreininga, Isflaket, held Finn Sindre Eliassen fram som redaktør. Hoftor Horset og Webjørn Landmark held fram i redaksjonen. I fjor arrangerte vi "Syng med oss" saman med Brandalskoret. Dette var ei vellukka tilstelling som vi gjerne gjer om igjen. Av dugnadsarbeid er det nok fleire ting som står for tur. Først blir det klargjering for asfaltering, og seinare blir det nok arbeid i samband med overbygget over Ishavsskuta AArvak.

April 2004
Foreininga organiserte den 27. april nedvask av museet, slik at det er reint og klart til sesongen. Også i år vil foreininga syte for reinhald av museet gjennom sesongen, ved at vi får folk til å gjere dette på dugnad, etter oppsett liste. Den årlige grillfesten blir i år 13.08. og vi vonar på godt frammøte, god stemning og godt ver. Formålet er sjølvsagt å skape trivsel og positiv stemning rundt museet. Ishavsmuseets venner bestemte på styremøte 21.04 å støtte Ishavskjerring med kr 10.000 Styret gjekk 21.04.04 også inn for å få laga ei tavle over dei som har støtta museet med gåver og pengar av ein viss størrelse. Museumstyrar Webjørn Landmark fekk i oppdrag å greie ut korleis dette kan gjerast, og til kva pris.Foreininga er innstilt på å bere kostnadane med tavla. I tidsskriftet til foreininga, Isflaket, har det vore skifte av redaktør, idet Andreas Ringstad gjekk av, og Finn Sindre Eliassen tok over. Haftor Hofset er ny i redaksjonskomiteen. Vi har også von om å få til eit "Syng med oss" arrangement utpå hausten ein gong. Av dugnadsarbeid som står for døra er muring av steinkant framfor baugen på M/S AArvak, som vi trur vil vere med å skape eit meir heilheitlig inntrykk av uteområdet ved museet. Ellers blir det sikkert andre oppgåver også, som vi ikkje har heilt oversikta over enno.