Historie

Bjarne Brandal starta i 1998 Ishavsmuseets Venner, kort tid etter at museet åpna.

Forutan seg sjølv, hadde han med seg eit styre på fire medlemmar. Foreininga har heile tida vore ein viktig støttespelar til Ishavsmuseet, og har bidratt aktivt med forskjellige gjeremål, til nytte for museet.

Foreininga fekk mellom anna i stand tidsskriftet "Isflaket" og museumsorkesteret "Hakapikane", som begge lever i beste velgående. Foreininga har ambisjonar om å vere ei positiv støtte for Ishavsmuseet på mange plan, og ynskjer å gjere dette på ein humørfylt og samlande måte.

Johan Ole Brandal overtok leiaransvaret for foreininga i 2002, Ole-Christen Røren i 2007 og Arve Røyseth i 2008.

Hakapikane
Om bord i dei gamle ishavsskutene var der gjerne nokon som kunne spele eit instrument. Trekkspel og gitar var vel dei mest vanlege instrumenta. I dag er dette ein del av ishavshistoria vår. I dag har vi og fått eit museum som skal vere med på å halde ishavstradisjonane levande. Kva så med lugarmusikken?

Det var nok dette Liv Skarbakk og hadde i tankane då ho fekk ideen til eit museumsorkester. Liv har vore ein av pådrivarane i venneforeininga til muséet, og i tillegg til å ha unnfanga ideen, var det difor sjølvsagt at ho og tok kontakt med moglege musikantar som og hadde røter til bygda.
Etter ei telefonrunde var det duka for skipingsmøte heime hos Liv i romjula, 1998. Slik vart Hakapikane til.

I januar 1999 starta øvingane, og musikantane ved ”jomfrukonserten” nokre månadar seinare vart då:
Per Arne Liavåg song
Jan Brandal gitar/song
Lars Peter Moldskred bassgitar
Arve Røyset trekkspel
Johan Moldskred trekkspel

Dette vart medlemane fyrste åra. Seinare var både Kjell Johan Veiseth og Leiv Einar Fjesme inne som bassistar etter Lars P Moldskred.

Aktivitet
Hakapikane er ein del av venneforeininga til museet, og spelar gjerne ved ymse tilstellingar. I tillegg har dei og vore med på å skaffe museet eit lydanlegg.

Dessverre er framtida til Hakapikane litt usikker, men vi vonar å få høyre deira glade musikk igjen.