Litt om venneforeningen

Ishavsmuseets venner er ei foreining med over 300 medlemmer, som har som formål å være ei støtteforeining for Ishavsmuseet i Brandal. Vi hjelper museet med opprusting, vedlikehald og forskjellige slags aktivitetar på og ved museet. Vi prøver å skape positiv blest om museet, samt at vi har forskjellige slags tiltak for å skaffe pengar til museet. Ishavsmuseets Venner organiserer også utgiving at et tidskrift kalla "Isflaket", som kjem med omlag 4 utgåver i året.

Foreininga fekk i si tid i stand eit eige orkester ved museet. Dette orkesteret har fått namnet "Hakapikane". Framtida for Hakapikane er dessverre litt usikker, men vi vonar dei kan halde fram med sin glade musikk.

Styrert:

  • Leiar: Stian Runne Brandal

  • Kasserar: Tor Riise

  • Styremedlem: Peter Josvald Brandal

  • Styremedlem: Margit Skeide

  • Styremedlem: Jan Bigset

  • Varamenn: Roger Korsnes og Oddfrid Brandal Kleppe

Medlemskontingenten er kr 150 for enkeltmedlemmar, kr 200 for familie og kr 500 for bedrifter. Alle som betaler medlemskontingent
får Isflaket fritt tilsendt. Vi prøver å vere ei foreining for alle som er interessert i museet og polar historie generelt, og ynskjer oss fleire medlemmar. Dersom du ynskjer å bli medlem, ta kontakt med Stian Runne Brandal på email eller telefon 97 75 54 25.